Helse Vest

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for dei offentleg eigde sjukehusa i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest skal sørgje for at innbyggjarane i helseregionen får dei helsetenestene dei har krav på.

Helse Vest RHF eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. Det er vel 30 tilsette i Helse Vest RHF, som er lokalisert på Forus i Stavanger kommune.

Helse Vest er eitt av fem regionale helseføretak i Noreg. Dei andre regionale helseføretaka er Helse Aust, Helse Sør, Helse Midt-Noreg og Helse Nord. Frå 1. juni 2007 vil Helse Aust og Helse Sør vere samla i eitt regional helseføretak, Helse Sør-Aust. Les meir om samanslåinga på Helse- og omsorgsdepartementet sin nettstad.

Helse Vest eig føretaka som driv sjukehusa og institusjonane. Det er helseføretaka som har arbeidsgivaransvar for dei om lag 21 000 medarbeidarane i regionen.

Føretaka i regionen eig rundt 45 offentlege sjukehus og institusjonar. I tillegg kjem avtalar med private sjukehus og ei rekkje privatpraktiserandre spesialistar.

Helse Vest RHF
Nådlandskroken 11
4034 Stavanger

Postadresse:
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

Telefon: 51 96 38 00
Faks: 51 96 38 01

Stavanger Universitetssjukehus Somat. og psyk. Helse Stavanger
Haugesund sjukehus Somat. og psyk. Helse Fonna
Stord sjukehus Somatisk Helse Fonna
Odda sjukehus Somatisk Helse Fonna
Valen sjukehus Psykiatrisk Helse Fonna
Haugaland DPS Psykiatrisk Helse Fonna
Karmøy DPS Psykiatrisk Helse Fonna
Stord DPS Psykiatrisk Helse Fonna
Folgefonn DPS Somatisk Helse Fonna
Avdeling Sauda Rehab. Helse Fonna
Haukeland Universitetssjukehus Somat. og psyk. Helse Bergen
Voss sjukehus Somatisk Helse Bergen
Kysthospitalet i Hagevik Somatisk Helse Bergen
Sandviken sjukehus Psykiatrisk Helse Bergen
Avd. for Fysikalsk medisin og Rehabilitering, Nordås (tidlegare Nordåstunet) Somatisk Helse Bergen
Hab.tenesta for vaksne Somatisk Helse Bergen
Bjørgvin distriktspsyk. senter Psykiatrisk Helse Bergen
Askviknes Voksenpsyk. Senter Psykiatrisk Helse Bergen
Fjell og Årstad Distrikspsyk. senter Psykiatrisk Helse Bergen
Radøy sjukeheim Psykiatrisk Helse Bergen
Osheim behandlingsheim Psykiatrisk Helse Bergen
Førde sentralsjukehus Somat. og psyk. Helse Førde
Nordfjord sjukehus Somatisk Helse Førde
Lærdal sjukehus Somatisk Helse Førde
Nordfjord psykiatrisenter Psykiatrisk Helse Førde
Førde BUP Psykiatrisk Helse Førde
Sogndal BUP Psykiatrisk Helse Førde
Nordfjord BUP Psykiatrisk Helse Førde
Indre Sogn psykiatrisenter Psykiatrisk Helse Førde
Haukeland sjukehusapotek Apotek Apoteka Vest
Sjukehusapoteket i Stavanger Apotek Apoteka Vest
Sjukehusapoteket i Haugesund Apotek Apoteka Vest
Sjukehusapoteket i Førde Apotek Apoteka Vest

NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus Psykiatrisk Privat inst.
Haraldsplass Diakonale Sykehus Somatisk Privat inst.
Hospitalet Betanien Somat. og psyk. Privat inst.
Solli Nervesanatorium Psykiatrisk Privat inst.
Voss Distriktpsykiatriske senter, NKS Bjørkeli Psykiatrisk Privat inst.
Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus Somatisk Privat inst.
Jæren Distrikspsykiatriske Senter Psykiatrisk Privat inst.

Askøy Blå Kors Klinikk Rusverninst. Privat inst.
Blå Kors poliklinikk, Sandnes Rusverninst. Privat isnt.
Duedalen rehabiliteringssenteret Rusverninst. Privat inst.
Eikely Behandlingsavdeling Rusverninst. Helse Stavanger
Floenkollektivet Rusverninst. Helse Bergen
Frelsesarmeens Bo- og Behandlingssenteret Rusverninst. Privat inst.
Haugaland A-senter Rusverninst. Privat inst.
Kalfaret Behandlingssenter Rusverninst. Privat inst.
LAR Rogaland(legemiddelassistert rehab.) Rusverninst. Privat inst.
Rogaland A-senter Rusverninst. Privat inst.
Stiftelsen Bergensklinikkene Rusverninst. Privat inst.
Stiftelsen Karmsund arbeidstreningssenter Rusverninst. Privat inst.
Hagahaugen Rehabiliteringssenter Rehabilitering Privat inst.
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Rehabilitering Privat inst.
Ravneberghaugen Opptreningssenter Rehabilitering Privat inst.
Krokeidsenteret AS Rehabilitering Privat inst.
Sjømennenes Helseheims Rehabiliteringss. Vest Rehabilitering Privat inst.

Legg igjen en kommentar